Svenske Daniel Ståhl blei førstemann med eit diskoskast på over 70 meter i år. I eist stemne i Helsingborg søndag kasta han 70,25 meter. – Det er godt å vere på verdstoppen igjen, seier han til Aftonbladet. – Men det var ikkje noko godt kast. Ståhl tok VM-gull i fjor og har ein personleg rekord på 71,86.