Statens havarikommisjon har kome med ein rapport etter at skyssbåt med ni personar om bord forliste i Tomrefjorden i Romsdal i mai i fjor.
Dei skriv at dei etter heving av fartøyet fann eit stort hol i botnen av skroget, og at dette såg ut som ein gammal skade som var forsøkt reparert.
Dei legg også vekt på at det tok opp mot 47 minutt å få redda dei som hamna i sjøen, noko som var svært kritisk med tanke på evna til å overleve og at det berre var rundt 9–10 grader i sjøen, kombinert med ein del vind og snø.