Ein person er alvorleg skadd i ei knivstikking på Vaterland i Oslo sentrum. Ingen er pågripne i saka, og politiet søker etter ein eller fleire gjerningspersonar.
– Personen er alvorlegg skadd, men medviten, seier operasjonsleiar Roy Langengen i Oslo politidistrikt til NTB.
Politiet avhøyrer vitne på staden, og fleire patruljar søker etter gjerningspersonar.