Brannvesenet er på staden og har starta sløkking av eit hus som er overtent av flammar i Norheimsund i Kvam kommune.
– Det brenn i ein einebustad. Vi er på staden og driv utvendig sløkking. Flammar står ut av vindauge og mønet, seier Lars Petter Lorvik ved 110-sentralen til NRK.
Det er garasjar i området. Brannvesenet jobbar med å avgrense brannen.
Politiet har væpna seg og er på staden. Ein person skal vere lettare skadd.
Luftambulanse er kommen fram og vegen i området blir stengt for at at helikopteret skal kunne lande.