Det britiske parlamentet startar tysdag debatt om lovforslaget om tobakksforbod for unge, eit forslag fronta av statsminister Rishi Sunak. Det melder AFP.
Lovforslaget går ut på å forby sal av tobakksvarer for alle som er fødd etter 1. januar 2009 slik at aldersgrensa for å kunne bruke tobakk stig for kvart år. Det kan fase ut røyking blant unge så tidleg som i 2040, ifølge regjeringa.
Tidlegare statsminister Liz Truss kritiserer Sunaks forslag.
– Me er eit fritt land, me burde ikkje fortelje folk kva dei ikkje skal gjere, sa ho under eit intervju med BBC.