Marerittkveld for Syrstad Engen i Meisterligaen: – Det er blytungt
Ingrid Syrstad Engen var i sentrum då hennar OL Lyonnes tapte mot Arsenal i den første semifinalen i Meisterligaen.
To absurde situasjonar inne i eigen boks sørga for at Arsenal kunne stikke av med sigeren.
OL Lyonnes opna best og Jule Brand sette inn kampens først mål etter 18 minutt.
Men på ein innøvd dødball svarar Arsenal.
Heimelaget får frispark ute til venstre, eit godt stykke frå mål. Mariona på Arsenal slår eit lågt innlegg. OL Lyonnes-målvakt Endler blir forstyrra av Arsenal spissen Blackstenius, og klarar å fomle ballen forbi seg sjølv og mot målet.
Ingrid Syrstad Engen ser ut til å nå igjen ballen før den kryssar målstreken, men klareringa treff stolpen og trillar inn i målet. Ho blir kreditert med sjølvmål.
– Det er blytungt å ryke på ein sånn goal på bortebane i semifinalen, sa TV 2 sin kommentator Endre Olav Osnes.
Etter 83 minutt får Syrstad Engen ein dårleg pasning som ho prøver å redde inn. Då kolliderer ho med målvakt Endler, og Olivia Smith set inn Arsenal sitt andre mål.
Arsenal vinn 2–1 mot OL Lyonnes i den første kampen i Meisterligaen.