Paragliderulukke i Gudvangen – kvinne ligg på fjellhylle
Naudetatane er på veg til Gudvangen etter melding om ei paragliderulukke.
Ei kvinne i 20-åra er skadd etter at ho hoppa frå Ramsøynuten. Kvinna fekk problem og hamna i fjellveggen, for ho enda på ei fjellhylle.
Kvinna varsla sjølv naudetatane om hendinga, fortel Ole Ronny Olsen, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.
Luftambulanse og redningshelikopter på veg til staden.
Kvinna er vaken og bevisst, og politiet har kontakt med henne, fortel Olsen.
– Ho har ein del smerter i overkropp og mage, men elles veit eg ikkje noko særleg om skadeomfanget.
Politiet blei varsla om hendinga klokka 15.54 via AMK.
Klokka 16.54 er naudetatane på plass og luftambulansen har funne kvinna.