Støre om drivstoffberedskap: – Me har full kontroll
Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) seier dei tek alle forholdsreglar dei kan når det kjem til beredskap når det kjem til Hormuzsundet.
NHO-sjef Ole Erik Almlid har åtvara om at Noreg kan stoppe opp i ei krise grunna manglande drivstoffberedskap.
– Det er viktig å seie at me har full kontroll på dette no, seier han og legg til;
– Det verdsbilde som er byrjar vi å merke no. Om Hormuzsundet blir verande lukka så er det alvorleg, så det må me jobbe for fullt med.
Noreg har berre lager for 20 dagar med importstans, mot nabolanda sine 90 dagar.
I eit skriftleg svar til Stortinget varslar næringsminister Cecilie Myrseth (Ap) at forskrifta om beredskapslagring frå 2006 blir revidert og sendt på høyring i løpet av 2026.