Det er meldt om brann i bustad i Stemmelia på Nesttun i Bergen. Naudetatane er på staden. Det er meldt om overtenning i huset. Ein bebuar er evakuert ut frå kjellaren, og er vaken og medviten. Det er opplyst at det ikkje skal vere fleire inne i bygningen, men dette er ikkje stadfesta. Dette melder politiet og 110 Vest på X.