Amrit Kaur, leiaren for Raud ungdom (RU), har fått mykje kritikk den siste veka etter at ho kalla Jens Stoltenberg, Jonas Gahr Støre, og Nikolai Tangen for terroristar i ein TikTok-video.
Det har ho i ettertid beklaga.
I podkasten Mimir og Marsdal fortel ho om den siste tida:
– Det var mykje rot. Eg var så stressa. Eg ville berre flytte til ei hytte i skogen.
Mimir Kristiansson seier han var forbanna etter utsegna frå Kaur, og at han fekk meldingar frå Utøya-overlevande som bad han om å reagere.
– Det som trefte sterkast var å sjå mange AUF-arar bli såra og skuffa over meg, seier Kaur om kva som fekk ho til å endre meining.
I podkasten får RU-leiaren spørsmål om ho nokon gang har meint at oljefondssjef Nikolai Tangen er ein terrorist:
– Det er eit ord ein bør vere forsiktig med å bruke, men at eg synest Taner er ansvarleg for Noregs deltaking i Gaza, så meiner eg ja.
– Men har han vore terrorist?
– Ja, det kjem an på definisjonen, så igjen det er ikkje opp til meg å definere.
NRK har tidlegare vore i kontant med Tangen om saka. Han vil ikkje kommentere ho.