Retten i Lyngby har dømd parkeringsselskapet EasyPark til å betale ei bot på 1,5 millionar danske kroner, skriv Danmarks Radio.
Grunnen er at dei tek eit servicetillegg på 15 prosent på parkeringsprisen for å bruke appen til selskapet når du parkerer.
Fram til 2021 kom ikkje dette godt nok fram i appen.
Selskapet seier til DR at dei tek dommen til etterretning, men at appen er oppdatert ved fleire høve sidan 2021.
Dei har førebels ikkje teke stilling til om dei vil anke dommen.