Ein bil hamna i sjøen i Stockholm då den skulle køyre på ei ferje sundag. Redningshelikopter og dykkarar er på veg til staden, melder SVT.
Ulukka skjedde då bilen køyrde på, og deretter gjennom ferja og hamna i vatnet på andre sida, skriv svenske nyheitsmedium.
To personar er henta ut av vatnet. Skadeomfanget er ukjend.