Bent Helge Sjursen, lufthamnsjef på Vigra i Ålesund, seier at reisande må rekne med forseinkingar utover dagen.
Fleire fly har blitt kansellerte og innstilte etter at luftrommet i Sør-Noreg blei delvis stengt på grunn av ein teknisk feil torsdag morgon.
– Det er vanskeleg å seie korleis det blir vidare. Det er heldigvis ikkje ofte at dette skjer, men det får konsekvensar for mange når det skjer, seier Sjursen.
Alle flyplassane i fylket blei råka av feilen. Sjursen har dette rådet til dei reisande i dag.
– Passasjerane må ta kontakt med flyselskapet sitt. Om dei er på flyplassen kan dei også kontakte selskapet som skal handtere flyginga.