USA har fått si fyrste lov som skal beskytte data i folk sine hjernebølger. Grunnen er den raske medisinske utviklinga, som mogleggjer uthenting av data frå hjernen, ifylgje Reuters.
Det er delstaten Colorado som er fyrst ut. Ein av lovgjevarane bak framlegget seier det må på plass eit rammeverk for å trygge Colorado-innbyggjarane sine personlege data. Inkludert det som finst i hjernebølgene, frå å bli brukt mot deira vilje.