Budsjettsjefen i Det kvite hus seier ho ikkje er optimistisk med tanke på å kome til ein avtale for å unngå ei delvis nedstenging av statsapparatet i januar.
– Eg vil ikkje seia pessimistisk, men eg er ikkje optimistisk, sa Shalanda Young på ein pressekonferanse fredag.
Ho viste mellom anna til ein tur republikanarar frå Representanthuset denne veka har gjennomført til grensa mellom USA og Mexico, og kommentarar frå nokre representantar som tok til orde for ei delvis nedstenging.
Representanthuset møtest igjen neste veke for å prøve å bli samde om ein budsjettavtale om offentlege utgifter før dei to fristane 19. januar og 2. februar – datoane dei i førre avtale vart samde om å finansiera nokre føderale etatar fram til.
Vanskane med å kome fram til ein budsjettavtale kjem av intern usemje blant republikanarane, som har eit knapt fleirtal i Representanthuset. (NTB)