YS har ikkje godkjent noko forslag frå NHO, og held fram med å streike, seier YS-leiar Hans-Erik Skjæggerud i ei pressemelding. Han seier dei framleis har ein dialog med arbeidsgjevarorganisasjonen, men at kravet om å gi flest mogeleg auka kjøpekraft enno ikkje er innfridd.
– YS har medlemmar i grupper og bransjar som ligg godt under 90 prosent av gjennomsnittleg industriarbeidarlønn, seier Skjæggerud.