Republikanaren Kevin McCarthy fekk ikkje nok stemmer i omstemminga om å bli den nye leiaren i Representanthuset i USA. Det er første gong på 100 år det har vore så vanskeleg å få utnemnd ein speaker i Kongressen. I første runde var det 19 republikanarar som stemte på ein annan kandidat enn McCarthy. No må dei gjennom ein tredje runde for å velje leiaren. Kongressen kan ikkje starte arbeidet sitt før dei har valt ein leiar.