I løpet av dagen har det vore fleire trafikkuhell på E6 ved Svinesund. Dei første meldingane kom i morgontimane måndag. Vegen har vore stengt i begge retningar sidan 10-tida. Nå er vegen rydda og opna mellom Svinesundsparken og Tollstasjonen ved Svinesund, opplyser Vegtrafikksentralen aust. Politiet opplyser at E6 er opna.
Eit vogntog fekk tidlegare i dag sleng og sperra store delar av vegen. I tillegg førte ulykka også til ein diesellekkasje. Politiet åtvara om at ryddingsarbeidet ville ta fleire timar.
Vegtrafikksentralen aust oppfordrar bilistar til å køyra varsamt på strekninga, då det framleis kan vera svært glatt.