McKinsey har sendt brev til Statsministerens kontor om kva norske kundar statssekretær Kristoffer Thoner hadde i perioden oktober 2019 til desember 2022., skriv regjeringa i ei pressemelding.
Dei norske kundane er Amedia, Helse Sør-Øst, Posten Noreg, Schibsted og Telenor.
McKinsey seier dei no jobbar med hente inn samtykke frå internasjonale kundar Thoner har jobba for.
Etter at Thoner blei utnemnd som ny statssekretær har det kome krav om at han måtte offentleggjere kven han arbeidde for då han jobba i konsulentselskapet.