Politiet i Bergen rykka før 21.30 ut etter å ha fått mange naudsamtalar frå fleire området rundt Fanafjellet.
– Me har fått mange meldingar om eit høgt smell, røyk og lys i området ved toppen av Fanafjellet, seier operasjonsleiar Stein Rune Halleraker i Vest politidistrikt.
Halleraker opplyser til BT at innringarar har fortald at husa har rista i området.
– Me finn ingenting som brenn, og ingenting som er skada. Me jobbar no med å snakka med meldarane, sa Halleraker kring 21.50.
22.10 skriv politiet på Twitter at det var kraftig fyrverkeri sendt opp i samband med ein fest på eit samfunnshus som førte til naudtelefonane.
– Ingen personar er skadd i samband med dette. Me undersøkjer vidare, skriv politiet.