Kai Havertz og VAR blei avgjerande for Chelsea då dei tok ein sårt etterlengta siger mot byrivalen West Ham.
Maxwell Cornet såg ut til å redde eit poeng for West Ham då han satte ballen i målet rett før slutt. Men etter ein VAR-sjekk blei målet annullert, då Jarrod Bowen og målvakt Eduard Mendy kolliderte i feltet rett før Cornet hamra ballen i målet.
Dermed var det Havertz som blei matchvinnar etter å ha sendt Chelsea i føringa berre to minutt før den annullerte skåringa. Det fullførte ein snuoperasjon for Chelsea, som hamna bakpå gjennom ein skåring av Michail Antonio.
Ein herleg skåring av Ben Chilwell gjorde at laga var like langt eit kvarter før pause. Han skrudde ballen mellom beina på målvakt Lukasz Fabianski frå så å seie død vinkel, før Havertz sin skåring gjorde at dei tre poenga blei verande på Stamford Bridge.