Minst 20 menneske er drepne i eit terrorangrep i Hiiraan-regionen i Somalia, ifølge myndigheitene i landet. Islamistgruppa al-Shabaab seier dei står bak.
Talet på drepne har auka sidan tidlegare i dag, då det var minst 18 drepne.
Fleire køyretøy som frakta nødhjelpsmat frå byen Baladweyne til landsbyen Mahas blei øydelagde under angrepet, ifølge sivile. Det statlege nyheitsbyrået Sonna meldte at Al-Shabaab-krigarar hadde drepe personane som var om bord og køyrde køyretøya.
Al-Shabaab, som er kopla til islamistgruppa Al Qaida, har kjempa mot sentralregjeringa i Somalia i fleire tiår, og har fleire tusen krigarar som kontrollerer store deler av den sørlege langsbygda, samt sentrale regionar.
Førre veke bekrefta Utanriksdepartementet at to nordmenn blei drepne i eit terrorangrep mot eit hotell i hovudstaden Mogadishu i Somalia. Gruppa Al-Shabaab stod bak dette angrepet.