Ein mann i 30-åra er pågripen og sikta etter meldingar om vald og truslar i eit hus i Indre Arna laurdag ettermiddag. Han er på veg til Bergen legevakt, ifølgje operasjonsleiar Stine Mjelde i Vest politidistrikt. Ei kvinne og ein mann er fornærma i saka, men ingen av dei har behov for helsehjelp. Dei involverte kjende kvarandre frå før. Politiet har gjort åstadsundersøkingar på staden.