Riksmeklar Mats Ruland stadfestar til NRK at han har hatt kontakt med alle dei tre lærarorganisasjonane og KS.
– Eg vil også ha kontakt med dei framover, men den dialogen er fortruleg, seier Ruland. Vi jobbar med å leite etter løysingar, men det er inga løysing per no. Det er ikkje planlagt møter i helga, seier Ruland.
Etter det NRK forstår har det ikkje enno vore noko møte mellom arbeidstakarorganisasjonane og KS, men ein sonderer om det finst grunnlag for å møtast.
– Det stemmer at vi har kontakt med riksmeklaren, seier Mette Johnsen Walker, leiar i Skolenes landsforbund, til NRK. Også KS stadfestar det same.
Frå tysdag neste veke har den største organisasjonen, Utdanningsforbundet, 3500 lærarar i streik.
Dei tre lærarorganisasjonane aksepterte ikkje tilbodet frå arbeidsgjevarane i KS og gjekk i streik 20. juni.