Kona til Kobe Bryant, Vanessa Bryant, blei tildelt 16 millionar dollar i erstatning etter eit søksmål ho retta mot Los Angeles County, skriv nyheitsbyrået Reuters.
Saka gjeld bilete som viste helikopterulukka der den amerikanske basketballstjerna og dottera omkom i. Ulukka skjedde i 2020.
Ein rapport frå Los Angeles Times hevda at tilsette i politiet og i brannvesenet i fylket tok bilete på ulukkesstaden og at dei delte bileta med andre.
Dei skal blant anna blitt delte på ein bar og på eit arrangement.
Ein advokat for fylket meinte på si side at det er viktig med dokumentasjon frå ulukkesstaden, og at ikkje bilete vart blitt delte nokon stad.