Det var ein 20 år gammal mann, ein 56 år gammal mann, ei 37 år gammal kvinne og ein 30 år gammal mann som døydde etter skyting på eit kjøpesenter i Greenwood i Indiana søndag, skriv nyheitsbyået Reuters. Den 20 år gamle gjerningspersonen blei skutt av ein sivil person. Gjerningspersonen var kjent av politiet, men politiet veit ikkje kva som var motivet til mannen.