Primoz Roglic har bestemt seg for å hoppe av Tour de France grunna skadane han fekk etter ein velt undervegs.
Det opplyser Jumbo-Visma på Twitter.
– For at skadane mine skal legast skikkeleg har vi bestemt at eg ikkje skal starte i dag, seier Roglic.
Slovenaren blei før årets Tour sett på som ein av samanlagtfavorittane, men etter velt har han aldri greidd å sette sitt preg på rittet. Han var 33 minutt bak sin leiande lagkamerat Jonas Vingegaard før søndagens 15. etappe.
Dermed mister danske Vingegaard viktig hjelp fram mot Paris.
Roglic var svært delaktig i at Vingegaard tok over ledelsen frå Tadej Pogacar på den ellevte etappen.
Han og Vingegaard bytta på å angripe og slite ut UAE-ryttaren, som til slutt måtte gi tapt då Vingegaard smelte til oppover fjellsida. Vingegaard leier med 2.22 minutt til Pogacar før dei sju siste etappene.
Pogacar har vunne rittet dei to siste åra.