Fleire kurdiske organisasjonar, trussamfunn og enkeltpersonar går saman og tek avstand frå angrepet i Oslo natt til laurdag.
– Det faktum at terroristen var etnisk kurder har absolutt ingen betydning for vår prinsipielle haldning til våre felles verdiar, vårt ansvar overfor kvarandre og våre forpliktingar som nye landsmenn. Det kurdiske samfunnet i Noreg er mangfaldig og tolerant, skriv dei i eit brev til NRK.
Dei skriv vidare at det kurdiske samfunnet i Noreg deler sorga med alle medborgarar, særleg pårørande til dei drepte, LHBT-miljøet og alle som er direkte eller indirekte råka.
– Vi tek sterk avstand frå alle former for terror, vald, hatefulle ytringar og diskriminering. Vald og hat skal aldri vinne.