– Det er viktig å presisere at terrortrusselen framleis er høg. Derfor vil eg gjenta PST si oppfordring til folk om å vere litt ekstra varsame. Sjølv om trusselnivået er justert, er vi framleis i en situasjon som er alvorleg, seier justisminister Emilie Enger Mehl på kveldens pressekonferanse om trusselvurderinga og dataangrepet.
Ho ber folk om å leve som normalt, men ta kontakt med politiet om dei opplever eller ser noko mistenkeleg.
Poltiets sikkerhetsteneste (PST) nedjusterte onsdag faren for terrorangrep frå nivå fem, som er høgste nivå, til nivå fire.
– Det betyr ikkje at faren er over. Det betyr at PST no ser situasjonen som meir avklart enn i dagane etter angrepet, presiserer Mehl under pressekonferansen.