Mannen som er sikta for drapet på Birgitte Tengs i 1995 nektar å snakke om Tina Jørgensen-saka før han får tilgang på etterforskingsdokumenta, melder Stavanger Aftenblad.
Politiet mistenker at mannen i 50-åra også kan stå bak drapet på Tina Jørgensen i Stavanger i 2000.
I går vart det kjent at politiet si etterforsking av drapet på Tengs ikkje blir ferdig før sommarferien. Politiet veit ikkje når etterforskinga blir ferdig, men fortel at dei er i sluttfasen.