Klokka 16.15 fekk politiet i Innlandet ei melding om ein gut på 15 år som hadde falt ned mot Piggbreen ved Galdhøpiggen i Lom.
Han var ein del av eit turfølge, og skal ha blitt borte for dei andre då han falt, opplyser operasjonsleiar i Innlandet politidistrikt, Øyvind Bakke, til NRK.
Vêrforholda blei skildra som vanskelege. Redningsmannskap med redningshundar og to helikopter blei sendt til området.
Klokka 17.45 opplyser politiet til NRK at nokon har kome i kontakt med guten, som viser seg å vera lettare skadd.
Operasjonsleiar Øyvind Bakken fortel at guten no vil bli undersøkt av helsevesenet.