Politiet spraya tåregass på demonstrantar som protesterte i sentrum av Paris etter at Emmanuel Macron vart attvalt søndag, skriv Reuters.
Politiet prøvde å bryte opp ei mengde med for det meste unge folk som hadde samla seg i Chatelet. Dei hadde samla seg for å protestere etter at dei første prognosane viste at Macron ligg an til å vinne presidentvalet, skriv nyheitsbyrået.