Politiet er på Strandafjellet der det er meldt om store trafikale utfordringar og svært stor utfart. Dei opplyser at folk må rekne med kø, men at dei er i gang med å dirigere trafikken. – Ver tolmodig, hold køen og ikkje køyr ut av køen. Det skaper berre meir problem, oppfordrar dei.