USAs legemiddeltilsyn FDA har godkjent at personar frå 50 år og oppover kan få ein fjerde dose med koronavaksine.
Dette skal gi dei mest sårbare i samfunnet ekstra vern i tilfelle det oppstår ei ny koronavirusbølgje.
Avgjerda opnar for ein fjerde dose av Pfizer- eller Moderna-vaksine minst fire månader etter tredje dose. Fram til no har FDA berre opna for fjerde dose for dei med sterkt nedsett immunforsvar.
(NTB)