NVE har sendt ut oransje farevarsel for både jord- og snøskred i Sør-Troms og nordlege delar av Nordland. Dei ber skiløparar i området vere merksame. Det er også fare for ekstremt mykje regn og flaum. Det kan føre til overvatn i tettbygde område, og fare for stengde vegar. Det kan også føre til jord-, sørpe- og flaumskred, skriv NVE.