I ein ny video lagt ut av Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj hevdar han at russiske styrkar har bomba ein sivil flyplass i Vinnijtsja. Åtte missil skal ha øydelagt heile flyplassen, som ligg midt i landet.
– Nato, lukk himmelen over Ukraina for alle desse terroristane. Lag ei humanitær sone. Vi er menneske, sa Zelenskyj, som nok ein gong bad Nato innføre flyforbodssone.
Nato-sjef Jens Stoltenberg har sagt at det ikkje er aktuelt for Nato å innføre flyforbodssone over Ukraina.
– Viss du ikkje gjer det og ikkje gir oss fly slik at vi kan verne oss sjølv, kan vi konkludere med at dykk også vil at vi skal bli drepne sakte, seier Zelenskyj vidare.
Russland har nekta for å gå til angrep på sivile mål, og seier dei berre målretter angrep mot militære bygg.
Tidlegare i dag har ukrainske myndigheitene sagt at dei jobbar med å sløkke brannane på flyplassen, melder Reuters.