Moskva lovar at dei vil svare på sanksjonane frå EU og USA med same mynt, melder det russiske utanriksdepartementet.
– I samsvar med like-for-like-prinsippet, som er grunnleggjande for folkeretten, vil vi gjennomføre tøffe gjengjeldingstiltak, heiter det i ei fråsegn frå talsperson for utanriksdepartementet, Maria Zakharova.
Ho kallar òg dei gjeldande og varsla sanksjonane frå EU og USA, som kjem som eit svar på Russlands invasjon av Ukraina, som «uvennlege».
(NPK)