Det britiske medietilsynet Ofcom seier dei følger ekstra nøye med på det som blir rapportert om Ukraina-krisa, melder Reuters.
– Vi følger nøye med på situasjonen og korleis krisa blir dekka av kringkastarar i Storbritannia. Det er ikkje akseptabelt for kanalar som har lisens i Storbritannia å sende einsidig propaganda, skriv dei i ei fråsegn.