Havila Castor, som er det andre skipet Havila Kystruten etter planen skal setje i drift mellom Bergen og Kirkenes, vert ein månad forseinka. Ny dato for fyrste seglas blir 10. mai. Grunnen til dette skal vere trøbbel med ein motor og forseinka leveransar frå underleverandørar. Reiarlaget har hatt ein trøblete oppstart, prega av ei lang rekkje forseinkingar. Opphavleg skulle Havila ha fire skip klare til 1. januar 2021. Også dei to andre skipa som er under bygging ligg an til å bli vesentleg forseinka. No har Fosnavågreiarlaget eitt skip i drift. Det skriv Havila Kystruten i ei pressemelding.