Fire personar omkom då eit småfly styrta utanfor Reykjavík i førre veke. Ein av dei omkomne er den amerikanske youtubaren Josh Neuman. Han hadde 1,2 millionar abonnentar på YouTube-kanalen sin, og over 170.000 følgarar på Instagram, skriv The Guardian. Dei tre andre omkomne er to belgiske menn og ein islandsk pilot.