Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) melder om få miljøavvik ved nye vindkraftverk i Noreg.
– Dei siste åra har vi vore på inspeksjonar ved alle nye vindkraftverk i byggjefasen. For dei aller fleste anlegga er det gjennomført fleire inspeksjonar, seier seksjonssjef for miljøtilsynet i NVE Anne Johanne Kråkenes i ei pressemelding.
For alle vindkraftverk i Noreg skal det utarbeidast ein miljø-, transport- og anleggsplan. I planen skal det komme fram korleis miljøomsyna skal varetakast.
– Samla sett er det registrert få avvik frå planane som ligg til grunn for utbyggingane, seier Kråkenes.
Tilsyna blir også brukte til å innhente ny kunnskap om korleis vindkraftverka påverkar naboar, naturmangfald og arealbruk.
(NTB/NPK)