Seks russiske landgangsfartøy har reist frå Østersjøen igjen, opplyser det svenske forsvaret. Sverige auka beredskapen på grunn av fartøya. Dei sende blant anna militære forsterkingar til øya Gotland. Russiske marinefartøy er ikkje uvanleg i området, men talet var uvanleg høgt.