Når Oscar-prisane blir delte ut 27. mars, blir det med vert. Det er tre år sidan sist utdelinga hadde ein eigen vert, melder Deadline.
Det er TV-kanalen ABC som skal sende showet, men dei vil foreløpig ikkje seie kven dei ønsker seg i rolla, men dei skal vere i gang å kartlegge kandidatar.
Jimmy Kimmel leia showet i 2017 og 2018. I 2019 skulle Kevin Hart ha vore vert, men han måtte trekke seg fordi det dukka opp gamle, kontroversielle Twitter-meldingar. Han blei ikkje erstatta. ABC valde å køyre showet utan vert i 2020 og 2021.