SV-politikar Solfrid Lerbrekk fekk gratis pendlarbustad av Stortinget frå 2017 til 2021. I tre av åra delte ho leilegheita med venninner som budde der fast, skriv Aftenposten.
– Mi grunngjeving for dette, som eg også oppgav til Stortinget, var at eg mistrivast med å bu aleine. Eg mista også motivasjonen, seier Lerbrekk.
Stortingsdirektør Marianne Andreassen seier det ikkje er forbode at venner også bur i leilegheita. Lerbrekk seier dei ikkje betalte ho husleige.