Carlo Ancelotti blir ny hovudtrenar i Real Madrid. Det stadfester klubben sjølv i kveld.
Han var trenar i Real Madrid også frå 2013 til 2015, og førte laget til meisterligatriumf. Det var også han som henta Martin Ødegaard til klubben.
Ancelotti overtek etter Zinedine Zidane, som trekte seg for få dagar sidan.
Ancelotti har dei to siste åra vore manager i Everton, der han hadde kontrakt til 2024.