107 personar vart arresterte i London i samband med ein demonstrasjon mot eit lovforslag laurdag. Lovforslaget går mellom anna ut på at politiet får friare tøyler til å setje krav for demonstrasjonar. Demonstrantane vart arresterte for valdeleg åtferd og brot på koronareglane, ifylgje politiet.