Ifølge nyheitsbyrået AFP skal MMA-stjerna Conor McGregor vere arrestert på den franske øya Korsika. Påtalemaktene seier til AFP at det skal ha vore forsøk på seksuelt overgrep og blotting. Ein talsmann til McGregor seier til TMZ at han nektar kraftig for alle skuldingar om upassande oppførsel.
Det er ikkje første gong han hamnar i trøbbel med politiet. I 2018 blei han dømd til sinneterapi, samfunnsteneste og betale erstatning etter å ha gått til angrep og gjort skade mot ein buss med MMA-utøvarar.