Støre si formue tilbake i fond: – Meir ansvarleg
Jonas Gahr Støre (Ap) har plassert sparepengane sine tilbake i fond. Han seier dette er i tråd med retningslinjene regjeringa har.
– Eg kan plassere sparepengane mine i fond. Og det gjer eg på ein slik måte at eg ikkje har nokon påverknad eller armlengds avstand til det. Eg eig ikkje nokon enkel aksje, men eg har sett pengane i fond. Eg har dei i eit globalt indeksfond. Og det hadde me ein brei gjennomgang av korleis det skulle vera for politikarar. kva du rapporterer, og korleis du gjer det, seier han og legg til;
– Eg synest det er meir ansvarleg å sette pengane i fond.
I 2020 fekk han kritikk for investeringane sine i internasjonale aksjefond. Etter ei rekkje negative medieoppslag under valkampen tok han 75 millionar ut av aksjefonda og satte pengane i banken.