Noreg skal bruke opp til 1 milliard kroner til kampen mot plastforureining i utviklingsland dei neste fire åra. Det opplyser utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim (Sp). Den nye støtta er ei vidareføring av bistandsprogrammet mot plastforureining som blei etablert i 2019. Kvart år blir over 110 millionar tonn plastavfall uforsvarleg handtert i verda. – Om det ikkje blir gjort noko no, vil plastforureininga bli dobla dei neste tjue åra, seier Tvinnereim. Representantar frå ei rekkje land er samla til forhandlingsmøte i Canada denne veka. Leiar for plastteamet i WWF Verdas naturfond, Eirik Lindebjerg følgjer møtet. – Løftet på 1 milliard kroner over fire år er ein god start. For å få på plass ein ambisiøs plastavtale og setje i verk dei mange tiltaka som er nødvendige for å stanse plastforsøpling er det eit stort behov for finansiell støtte. Noreg sitt bidrag vil forhåpentlegvis utløyse liknande forpliktingar frå andre land og privat sektor, seier Lindebjerg til NRK. FNs miljøforsamling vedtok i 2022 å utvikle ein internasjonal rettsleg bindande avtale for å stanse plastforureining. Plastavtalen skal ferdigforhandlast i Busan i Sør-Korea i november. Tvinnereim skal leie det norske arbeidet med å få plastavtalen på plass mens klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen er i foreldrepermisjon.