Redningsaksjon i Loen: To personar henta ut
Ein mann og ei kvinne i 20-åra gjekk i kveld seg fast i Via Ferrata i Loen. Dei trengde hjelp til å komme seg ned igjen frå klatreløypa i fjellsida. Det er regn, vind og sleipt føre i området. Dei sat på eit flate på om lag 3X3 meter.
Både redningshelikopter, alpine klatrarar og politi var på staden.
– Dei har ringt inn sjølv, og dei er våte og kalde. Den eine personen har falle og slått seg, seier operasjonsleiar Eivind Hellesund. Han seier dei to snart er tom for straum på telefonen.
Guidar blei sende opp med skyliften for å prøve å hjelpe dei ned att.
Klokka 20:40 seier Hellesund til NRK at dei to er henta.
– Eit redningshelikopter har heist dei ut og floge ned. Det ser ikkje ut som det er naudsynt med tilsyn av lege per no, seier Hellesund.